Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 9. november 2011). Les mer om roperten…

Kreativ verkstad Sanden

Velkommen til kreativ verkstad 10. november kl. 18.00 – 21.00 i gamle gymsal på Naustdal barne- og ungdomsskule. OBS! Ny stad.

Kva vil du med Sanden og korleis får vi det til?


Stadanalyse av Sanden er under utarbeiding – vil du påverke har du sjansen no!

Tusenårsstaden Sanden er eitt av fokusområda i utforminga av kulturplan for Naustdal kommune.

Som eit ledd i dette arbeidet vert det gjennomført ei stadanalyse av Sanden og dei nærliggande områda, med målsetjing om utforming av alternative konsept for den vidare utviklinga av dette regionale friluftsområdet.

Medverknad frå ulike brukargrupper, arrangørar og næringsliv vert lagt vekt på i arbeidet. Det har vore gjennomført barnetråkk i samarbeid med 7. klasse ved NBU, og under SlettemarkART vart det lagt til rette for at lokalbefolkninga kunne komme med innspel til kommunen.

Vi har med oss profesjonell prosessleiing under den kreative verkstaden, og vi gjennomfører ein kveld der du på ulike vis får sjansen til å seie di meining om korleis Sanden bør utviklast.

Informasjon henta frå sidene til Naustdal Kommune

Vist 42 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder