Naust(e)døl og Indre Sunnfjord.

Dei 3 kommunane rundt Førde blir saman med Førde, ofte omtalt som Indre Sunnfjord.
Er det rett at Naustdal og naustdølingane høyrer til Indre Sunnfjord eller … ?.
Kva seier dei i Redalen og vidare utover til Svortevik om dette ?
Skal dei som bur i kommunesentrum omtalast som naustdølingar medan dei som bur innover dalen blir naustedølingar ?
Kva med dei ute langs fjorden ?

Vist 133 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Gode spørsmål alt dette! Glad for at du spurte.. :))
Eg har faktisk lurt på dette sjølv.

No er da etter litt gammalt, to begrep du her ikkje har vore innom. Det er Dalingar , 1 og Fjordingar, 2. Då vert med andre ord dei som bur i midten dei som vert kalte Naustedøle , faktisk eit begrep nr. 3 !

Og for å gjere da heile komplett seier dei som bur i Naustdal , at dei bur i Sentrum ! Begrep nr. 4………
Så det tek litt tid å verte ein ekte Naustedøl. Alle disse begrepa må beherskast! :)

Det er tydelegvis ikkje så enkelt i Naustdal !!
Bør dette med indre, mitre eller ytre bli det første som kjem på plass ?

Nei, nei, nei… indre, ytre har vi ikkje i Naustdal . Midtredalen deimot har vi. Det er fordi Dalen er 3 mil lang, så det er Instedalen og Midtredalen.
Vi kan ikkje “få sånt på plass”. Det er på plass det som skal være der av stadsnamn.

Mulig det burde vært ei doktorgrad i stadsnamn i Naustdal :))
Men på 70-talet vart alle stadsnamn registrerte i kommunen. Kvar ei hole og tue !

Annonse

Nye bilder