Høg straumpris eller ??

NRK 1 hadde ein paneldebatt om straumprisar og straumforbruk tidlegare i veka, og mykje dreia seg om å redusere straumrekninga enten i form av lågare prisar eller mindre straumforbruk. Det var lite fokus på at overgang frå straum basert på vasskraft til andre energitypar ville bli dyrare slik at redusert straumrekning ville gje høgare energirekning totalt sett.
Samanlikning med straumforbruket i Sverige og Danmark blir også svært misvisande då dei ikkje brukar straum til oppvarming i same grad som her i landet. Årsaka til det kan vere at straumproduksjon gjennom varmekraftverk (atom, gass, kol og olje) gjev mykje varme (spillvarme frå prosessen) og lite straum.
I dei store bygga, både private og offentlege, er det som oftast installert dobbelt varmesystem – eit som baserer seg på elektrisk straum og eit som baserer seg på fyring med olje eller gass. I desse bygningane er det prisen på straum kontra prisen på olje/gass som bestemmer valet.
Når prisen på olje/gass er høg, og i tillegg inkluderer Co2- og andre miljøavgifter skal det tilsvarande mykje til før desse byggeigarane koblar over til olje/gass for å redusere straumrekninga og auke oljerekninga.
Sagt på ein annan måte: MiIjøavgiftene på olje/gass er med på å auke etterspørselen og forbruket av elektrisk straum frå vasskraft og heve straumprisen tilsvarande.
Neste gong de er i Førde – sjå godt etter om det ryk frå pipene på dei store bygga, td Sentralsjukehuset.
Røyk frå pipene tyder på at straumprisen er høg eller at nokon har kjøpt olje/gass på billegsal.

Vist 95 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Jau du har nok eit poeng viss målet er at vi skal klare oss/ha nok billeg vassstaum støtt. Problemet er berre det at når straumprisen vert skikkelg høg så er det fordi det ikkje er nok vasstraum tilgjengeleg til å holde prisen nede. Når det då ikkje er nok vasstraum tilstades p.g.a langvarig tørke eller kulde so kan det vere kjekt å ha eit alternativ å varme seg på.
Slike alternativ får ikkje noko gode mulegheiter til å etablere seg når ein kun legg til rette for meir flaumkraft og større linjekapasitet. Større linjekapasitet vil gje likare vasstraumprisar men ikkje lågare og det vert slett ikkje meir alternativ varme av det.
PS. Største grunnen til at mi straumrekning auka i 4. kvartal 2010 var mest fordi at eg brukte meir straum enn vanleg og ikkje særleg p.g.a prisen.

Det tyder på at du har såkalla fastprisavtale utan krav til avgrensning av forbruket.
Dersom mykje av produksjonen er bunden opp gjennom leveringsavtaler til fast pris vil kanskje restproduksjonen bli verdsatt til høgare prisar når etterspørselen aukar samtidig som produksjonskapasiteten blir i knappaste laget ?
Sagt på anna måte – fastpriskundane er med på å drive opp prisen for dei av oss som satsar alt på spotmarknaden ?

No er ikkje eg nokon svoren tilhenger av fastpris. Sjølv om at eg må innrømme at eg i samband med diskusjon om prisbinding av produksjon ved eit kraftverk i Jølster landa på fastpris.
Vår husstand sin gjennomsnittlege flytande kraftpris tredje kvartal i 2010 vart omlag 53 øre/kwh. Mens vårt forbruk i same kvartal av ein eller annan grunn var 30 % større enn 2009. Noko som sjølvsagt syner at på avrekninga.
Om været i 2011 forset i same spor som no so skulle alt ligge til rette for at både pris og forbruk går ned.

I siste kommentaren skal det sjølvsagt vere “fjerde kvartal” og ikkje tredje:)

Det er ikkje alle som har 2 ulike roller i forbindelse med krafthandel.
Når seljar prioriterer fastpris er det ikkje unaturleg at kjøpar prioriterer spotpris.

Annonse

Nye bilder