
GUIDA TUR TIL TRODALEN
saman med Gunnar Staalesen – som vil fortelje om korleis boka ”Dødens drabanter” vart til og kvar handlingane i boka fann stad. Det er denne boka som no blir filma i Angedalen og andre stadar i området.
Vandring langs den gamle ferdselsvegen gjennom Trodalen
(415 m.o.h.)
Bli med på vandring til den avsidesliggande garden Trodalsstrand
Frå Einerhaug i Angedalen
Laurdag 24.juli 2010 kl. 11.00
Frå Angedalen går vi etter stiar som har vore trakka opp gjennom hundrevis av år, til dalen og vatnet som gøymer på ei tragisk historie. Trodalsmordet er kjend frå litteraturen heilt tilbake til midten av 1800-talet og sist frå krimromanen ”Dødens drabanter” av Gunnar Staalesen – som no i desse dagar blir filmatisert her!! Gå turen , høyr historiene og sjå stadane frå den verkelege mordhistoria frå 1839 og frå bøkene sine litterære historier!
Fakta – Angedalen : Parkering ved den gamle skulen i Indre Angedalen – derifrå må ein gå tilbake 300 m på asfalt.
Start kl 11.00
Varigheit : 6 timar svært roleg tempo
Pris : 100,- for vaksne over 15 år.
Praktisk informasjon : Påmelding på tlf. 92448784 – eller på e-post judith.hegrenes@c2i.net innan dagen før kl. 18.00.
Kommentarar
Kan du fortelle litt om terrenget på denne turen? Og korleis bør vi utruste oss i høve skotøy, klede og oppakning? Blir været slik som det er meldt, er eg med:) Formell påmelding kjem på epost.
Terrenget opp frå Angedalen er ei vanleg skogsråk gjennom granskog, lauvskog og bittelitt myr. Eit lite stykke er det litt bratt, men for dei som er vane med å gå er det ein heilt vanleg – og lett vestlandsk dalatur!! Det er berre ca 200 høgdemeter stigning frå startpunktet til du er ved vatnet som ligg på 415 moh. Bort langsmed vatnet er det ei kronglete råk, i starten, men kjem seg etterkvart som du nermar deg Trodalsstrand. Du som er frå Naustdal vil kanskje gå heilt til Reinene…og frå Trodalsstrand til Reinene er det svært lett terreng, men du bør ha med kjensfolk for å finne råka trur eg, men det kan hende at der har gått så mykje folk i år at den syner godt nok. Håpar de blir med!