Takk for opprydding natt til 1. maiEg må verkeleg seie eg er imponert over dei vaksne og ansvarlege personane som gjekk rundt på Sanden natt til 1. og rydda opp etter oss som hadde fest der. Eg såg ikkje noko som helst spor etter fest når eg kom ned til Naustdal fredag ettermiddag, og eg rettar all takk til dei som brukte kvelden og natta si på å rydde opp slik at Sanden framleis ser fantastisk ut!:D Endå ein gong, tusen takk for ei fantastisk opprydding!: ) De anar ikkje kor mykje vi set pris på det: ) Annonse | ||