Rørstadbotnen - eit namn å merke seg

16.04.2009

Tekst og foto: Solveig Fredriksen

Intro
Det er ikkje mange tilstades i vektløftarrommet i Naustdalshallen denne torsdagen, som kan ha samanheng med at ein stor del av karane trenar i Førde eller tek treningsfri. Sindre er i full gang med økta si og let seg ikkje forstyrre av at det kjem folk.

Har avtalt å treffe han i dag og er spent på korleis han er, denne kraftpluggen frå Naustdal som tek mål av seg til å bli ein av dei beste i kommande EM.

Sindre Rørstadbotnen er fødd 21. november -92 og er såleis ikkje meir enn 16 år. Han bur i Andalen saman med mor si og går på Øyrane vgs, bygg&anlegg.

Siste helga i mars -09 vann han sin klasse i UM i Vigrestad og kvalifiserte seg dermed til EM med 1 poeng over kravet.

Treningsleir
Sindre er nett komen att frå påsketreningsleir i Larvik og var der ei veke for å trene saman med andre EM kandidatar frå heile landet. Treninga var mykje basert på styrke og dei hadde to økter kvar dag. Første økt frå 10 til 11.30 og andre økta frå 16 og utover kvelden. Innimellom øktene vart det eindel tv, sidan det var vektløfting på programma. Likevel vart det også tid til kino og turar rundt i nærområdet.
Sindre var yngstemann på leiren som hadde med seg ungdomar opp til eit par og tjue år.

Starten
Sindre fortel at vektløfting har vore ei stor interesse allereie frå han var 9 år. Då hugsa han godt at han stod utanfor glaset til treningsrommet i alle friminutt på skulen og beundra dei sterke karane som trente der. Han masa stadig om å få vere med og lurte på kor ”stor” han måtte bli før han kunne få prøve.

Ein dag han skulle på fotballtrening vart han ropt inn til karane og fekk prøve seg. Det var stort å få ”trene” i lag med karar som Stian Grimseth, Geir Grønnevik og Gunnar Reiakvam. Sindre tykje det var veldig artig og held fram med dette.

Heime trena han med kosteskaft og alt som likna på vektløfting. Han ville bli sterk!
Då han var 12 deltok han i sin første konkurranse. Det var julestevne og han meiner å hugse at han då løfta 27 kg i støt og 42 kg i rykk.

Sindre meiner han er med i det beste vektløftarmiljøet i landet og er svært nøgd med apparatet rundt seg. Geir har laga programmet han no følgjer og Gunnar er den flinkaste trenaren han veit om.
-”Han tenkjer alltid teknikk og er flink til å halde meg i nakken. Og det nyttar ikkje med unnasluntring!” seier Sindre og ler.

Syskjen
Dei er tre syskjen Rørstadbotnen og alle har vore innom vektløftarmiljøet. Sindre starta først, så kom den eldre broren, Espen og til slutt fekk dei med seg systra Mariel. Espen fekk 2.plass i eit Nordisk meisterskap og Mariel kom til NM. Broren Espen har flytta til Bergen og trenar ikkje aktivt lenger medan systra Mariel er aktiv i miljøet, er ein av fleire primus motorar under stemne og planlegg å få i gang eit jentelag.
-”Det må du få med, at foreldre må komme ned her med jentene sine. Dei får jentetrenar og kan bli med på eit fantastisk lag!”
Jenter frå 12 års alder er herved oppfordra til å begynne å trene vektløfting. Har dei vilje og pågangsmot, evne til å presse seg sjølv og er sterke psykisk, er det berre å komme.

Trening
Sindre trenar kvar dag, til og med i helgene. Laurdagar har han ei kort økt på morgonen, elles føl han eit stramt program dei andre seks dagane i veka og er då oftast i gong eit par timar. Ei vanleg treningsøkt startar sjølvsagt med oppvarming, då oftast i form av sykkel. Så er det lagt inn diverse øvelsar før han går over på ”stangleik” som han kalla det. Då er vektstanga med i øvelsane, fks knebøy. Så startar sjølve løftinga, først med lette vekter og deretter over på det som er tungt.
-”Det er dessutan viktig å trene heile kroppen, ikkje berre dei musklane som vert brukt ved løft. På den måten kan ein førebyggje mange skader.”

Skader ja…..det får oss til å snakke om episoden der det svartna for Sindre på eit NM og han datt bakover. Det var i støtkonkurranse han hadde 109 kg på stonga og var klar til å ta overstøtet. Då svimte Sindre og gjekk i bakken med stonga over seg. Videoen ligg framleis på YouTube og Sindre må innrømme at episoden ligg i bakhovudet enda. Han kjenner nokre gonger den same kjensla når han står på podiet og skal løfte.

Meny
Ein kan tenkje seg at ein kar som tek mål av seg til å bli ein av Europas beste vektløftatar må ha eit ganske stort inntak av næring. Då eg spør Sindre om dette, smiler han litt før han svarar:
-” Ja, det blir nokre måltid for dagen. Fks et eg i alle fall 4 måltid medan eg er på skulen og i første friminutt går det ned 4-5 skiver.”
Til frukost et han eit par egg og brød med pålegg. Og så likar han godt vaniljekesam med litt syltetøy oppi.
-”Mamma er veldig kjekk og lagar frokost til meg” seier Sindre og ser svært takksam ut. Han prøvar å få i seg middag før trening, anten han har med seg mat eller stikk innom Førdekroa, der syster Mariel er snill å fiksar han ein durabeleg kyllingfilet.
-”Eg har alltid noko liggande der, då er det enkelt å få i seg det eg treng for at treninga skal bli mest mogeleg effektiv. Og så er det viktig med banan etter trening, den er full av mange viktige vitaminar og mineral, samt karbohydrat som kroppen treng” seier Sindre mens han gumlar på banana si.
Kveldsmaten består som regel av 5-6 egg, brød og kjøtpålegg.

Fritid
Har ein slik ungdom fritid eigentleg? Når eg spør han om dette, vert han tankefull….
-”Det blir jo ganske mykje trening, men eg likar jo det. Er ganske rastlaus av meg og likar fart og spenning. Heime har eg ein crossar som eg likar godt å køyre på. Dessutan likar eg å vere saman med vener. Og shoppe klede!”
Sindre fortel også at han spelar gitar. Etter mykje masing heime fekk han endeleg kassegitar til jul. Eg spør om han syng også. Han ler og ristar på hovudet.
-” Vel, kanskje eg mumlar litt for meg sjølv. Eg veit jo at eg ikkje kan synge, men sidan eg bur såpass avsides kan eg jo gaule litt. Berre ikkje nokon trur at eg skrik om hjelp!”

Kva så med kjærleiken spør eg kjekt.
-”Nei, eg har ikkje nokon kjærast no. Eg var i lag med ei jente for ei stund sida, men no trur eg det er lurt å vente til etter EM. Jenter skal tross alt ha litt oppmersomhet, dei blir liksom litt utolmodige når ein brukar så mykje tid på trening. Men eg har mange jentevenner altså!”

Far
Sindre fortel vidare at det var ei ganske tøff helg då han vann UM i Vigrestad. 27.mars -08 døydde Geir, far til Sindre -og same dagen, eitt år seinare stod han på podiet og vart meister. Han tenkte mykje på faren då og saknar han ofte.
-”Då pappa fekk kreft, fekk vi mykje tettare kontakt, han blei med meg på trening og naut å ha fri frå jobb. Han sa faktisk at det var første gong på over 20 år at han hadde hatt fri meir enn tre dagar på rad”.
Sindre minnes treningsøktene og turane med faren og korleis han heile tida masa positivt på Sindre om å trene.
-” Eg trur det er takka vere pappa at eg er der eg er i dag…..”
Sindre rosar fleire for måten dei hjalp han etter at faren døydde. ”Stian ringte ofte og spurde korleis det gjekk, Gunnar likeså. Geir var på pletten og drog han med på trening.
-”Dei var positive, forståelsesfulle og minte meg ofte på kva pappa sa om å trene.”
Sindre snakkar om kor faren engasjerte seg i miljøet og støtta opp så godt han kunne.
-”Pappa var jo ofte med på meisterskap og han spanderte pizzakveldar på Førdekroa.”

Førebilete
Når vi snakkar om førebilete er det naturleg nok faren som er det største for Sindre. Mora kjem heller ikkje unna. Ho er ein veldig god støttespelar og han har stor respekt for henne. Innan idrett er det sjølvsagt Stian Grimseth som er Sindre sitt største førebilete og han gler seg til den dagen han tek han att. Personleg rekord for Sindre er 107 i rykk, 140 i støt, tilsaman 247.
-”Har berre 195 igjen for å ta Stian, og det får eg satse på” seier han og gliser.

Ailo Gaup er ein av ”idola” til Sindre. Crosskøyraren frå Kautokeino som har mange gode prisar å vise til. Elles nemner Sindre at folk som jobbar for ei sak, fks Jan Thomas som med CD’en sin støttar Kreftsaka.
-”Slike folk har eg stor respekt for. Dei som gjer noko med det dei brenn for, ikkje berre tenkjer det.” Vektløftaren frå Naustdal er ein tøffing, men ikkje tøffare enn at han snakkar varmt om andre som slit. Fks ungdom med rusproblem eller dei som har mista ein av foreldra sine.
-”Sorg er vanskeleg og eg kunne godt tenkje meg å vere med i eit støtteapparat som har fokus på slike ting.” Sindre seier også at han veit veldig mykje om korleis det er å slite med hyperaktivitet eller å ha konsentrasjonsvanskar på skulen og kunne tenkje seg å jobbe som miljøarbeidar.

Framtid
Korleis ser du deg sjølv fram i tid? Fks om 5 år…..
-”No spør du vanskeleg altså! Eg er vel ferdig med utdanninga mi og har jobb på anlegg. Og eg løftar 220 kg…hehe. Eg har nemleg vedda med Vebjørn Varlid at eg skal støte 200 når eg er 18, så eg må vel opp 20 kilo når eg er 21”.
Sindre ler høgt når eg spør kor mykje han har vedda.
-”Neeeiiiii, det er vel nokre kroner”.

Kva så om 20 år då?
-”Då er eg gift og har born. Bur idyllisk ved sjøen og har leilighet i Spania. Så må eg ha hytte på fjellet og masse mopedar og firhjulingar til ungane. Har antageleg lagt opp som vektløftar og trenar andre håpefulle vektløftarar i Naustdal.”
Det høyres ut som Sindre har ein god plan :)

Europameisterskap
Første veka i august reiser Sindre til Israel for å delta i EM. Han nektar ikkje for at han har sommarfuglar i magen og må ta seg kraftig saman for å ikkje tenke på det før han legg seg.
-”Då får eg i alle fall ikkje sove!”
Eg spør om det er gjort endringar i programmet hans fram mot EM, men Sindre meiner han skal køyre dette programmet no fram til NM junior. Det går av stabelen i Tønsberg 9.mai og etter det vert programmet hans teke opp til ny vurdering.

Vi ynskjer Sindre masse lukke til, både med NM junior i mai og med EM i august.

-”Takk for at du tok deg tid Sindre, det var koseleg å snakke med deg og heile Naustdal heiar på deg!"
-”Sjølv takk, berre hyggjeleg!”



Armstyrke

Vist 2603 gonger. Følgt av 6 personar.

Kommentarar

Ikkje den fyrste kraftpluggen frå bygda heller, flott reportasje.

Takk for det:)
Kjekt å kunne presentere slik flott ungdom, full av futt og energi. No held vi fingane kryssa for NM og EM.

Ble nesten satt ut her.. Flott reportasje, Solveig!
Her var det ikke vektløftingen som imponerte meg, men en flott ungdom som virker trygg og klok i sine uttalelser…
og for en varme og utstråling….. Tror det blir mange jenter fra fylket som melder seg på trening i klubben:-)

I dag vart eg oppringt av mor til Sindre…..eg lurte på om ho ville kjefte på meg for å ha intervjua sonen hennar utan hennar tillatelse.

-“Nei, nei” sa ho….“eg tykte det var veldig kjekt å lese om han. Og no sit det nokre stolte besteforeldre som også har lese :)”

Vi snakka litt att og fram og eg sa som sant var, at initiativet til reportasjen kom fordi eg hadde lyst å presentere denne flotte ungdomen slik at bygda kunne få bli betre kjent med han.

Så no gode bygdefolk : det er på tide at de kjem med nokre oppmuntrande ord til denne flotte guten og er med å heiar han fram til både NM og EM.

De kan besøke han anten her på Origo (er medlem i sona vår) eller de finn han på Facebook.

En veldig flott reportasje, Solveig!

Du har anlegg til å bli portrettjournalist, etter min mening.

Kanskje freelance for Naustdalsposten? Med egne bilder?

Hvem vet?

Sindre held på å pakke til NM tur. Vi seier tvi,tvi og lukke til !
Naustdal heiar på deg :)

ja berre og vente og sjå no!;) kjekt att folk følger opp:) gjer de extra kjekkare og reise på stevne:) skal gjer mitt beste!;)

Ønsker deg lykke til !! :-)

Det vart sølvmedalje på Sindre i NM junior. Vi gratulerar!

Sølv er jo utrolig bra da:) Gratulasjoner er hermed avsendt:))

Gratulasjon fra meg og.. Det er jo godgutten det her:-)

har ikkje vert so flink og vert her! men tusen takk for gratulasjonar:)

Då var EM kvaliken i boks!:) Og blir meir trening fram over!

Gratulerer Sindre! Stå på fram mot EM:)

Var ikkje eit sekund i tvil om kvaliken……..no er det berre å jobbe hardt og effektivt fram mot den store konkurransen.
Vi heiar på deg Sindre!

Takk takk:) ja de blir ikkje noke kjære mor når det gjelde trening fram over;)

Då er Sindre på plass i Israel. Han reiste i går og sende ei melding der han gav uttrykk for å glede seg stort til dette EM.
Vi kryssar fingrane og ynskjer Naustdalsguten masse lukke til!

Sindre er heime etter EM i Israel. Medalje vart det ikkje, men det ryktast at kraftpluggen kom på 10.plass.
Vi gratulerer ein flott ungdom med gjennomført meisterskap og ynskjer lukke til vidare!

Annonse

Nye bilder