Presentasjon: )Hei alle Naustedølingar og eventuelt andre som er innom: ) Eg ynskjer å lage ein tråd der alle presenterar seg, kven dei er, kva dei jobbar med og diverse av den typen. Det kan være interessant / morosamt å lese kva folk gjere og kva diversitet vi har her i vår gode bygd. Annonse | |||||||||||
Kommentarar
Tja, kvifor ikkje? Eg tek oppfordringa di Vegard og kjem her med ein liten presentasjon av meg sjølv.
Eg er fødd i 1963 og vaks opp i Åsane ved Bergen. Som 10 åring kom eg til Naustdal og gjekk mine skuleår i sentrum. Eit godt og trygt miljø med mykje aktivitetar.
Som vaksen flytta eg til Sande i Gaular med han som vart far til borna mine. Eg har ei jente fødd i -91 og ein gut fødd i -88. Som så mange før meg, og sikkert endå fleire etter meg, vart eg skild og den einaste naturlege plassen å flytte borna og meg, vart heimatt til Naustdal. Sidan -97 har vi vore i ro her og for eige vedkommande kan eg ikkje tenkje meg å bu nokon annan plass på jord:)
Eg har hatt ei variert arbeidskarriere, vore innom det meste frå hotellbransjen og butikkarbeid til kontorfullmektig ved sjukehuset i Førde og har til og med eitt år i sveisefaget. Har enda opp i helsesektoren og er for tida tilsett i Førde kommune, Helsetunet. Bestod min hjelpepleiareksamen i mai -08 og jobbar 90% stilling ved alders og sjukeheimen.
I 2003 kjøpte vi hus i Øyraholten og her bur eg saman med ein “flisande” galen engelskmann :) Han arbeider som flisleggar….. Son min bur i kjellarleiligheta saman med kjærasten sin og dotter mi går på Firda vgs og er heimom i helgane.
På fritida brukar eg mykje tid på Origo, innimellom fysiske utfoldelsar. Ser de eit kvinnemenneske fyke rundt Naustdal med gåstavar og lua godt trykt ned i augene, er det sikkert eg. Eller på full fart mot Helgås og Kletten i same mundur:)
Fotografering er ein hobby eg har teke oppatt etter at ungane vart store. Kamera er like sjølvsagt i lomma mi som snytepapir og mobiltelefonen.
Når kveldane er mørke blir det sokkar og diverse anna handarbeid. Når det derimot er lysare kveldar, ligg eg med nasen i jorda rundt huset og prøvar å leike litt gartnar.
Gler meg til snøen er borte på Heia. Då er det på med fjellsko, kaffi i sekken og trave rundt i det flottaste paradiset eg veit om.
Skulle det vere noko de lurer på angåande underteikna, må de berre spørje. Åja, det var sant…..elskar kaffi og brukar str 38 i sko :)
En bra presentasjon, Solveig:-))
Jaudå, må verkeleg beklage at eg er så seint med å skrive ein presentasjon av meg. Eg har hatt litt mykje å gjere, og litt lita skrivelyst dei siste kveldane: )
Vel til å byrja med så er eg ein 1991 modell, med bursdag tidleg i januar: )
Eg har då budd heile livet på garden oppe på Solheim i Naustedalen, og er vel eigentleg Naustedøling frå hjarte til lever. Som eg likar å seie; på pappa si side av slekta, så er Solheimsfamilien ei over tusen år gamal slekt som har budd på same staden: )
Det er ikkje så mykje i dei tidlegare åra som er verd å nemne, anna enn at eg har gått på Horstad skule 1.-7. klasse, og NBU frå 8.-10. klasse.
Det som eigentleg er verd noko; på VGS byrja eg på elektro, men det var langt i frå noko for meg, så eg gav meg der og jobba som barne- og ungdomsarbeidar saman med Robert Gelin Rysjedal, samstundes som eg var / er leiar i Ungdomsrådet her i Naustdal. Dette gav meg ei utruleg innsikt i livet på ein skule frå ein lærar sitt synspunkt, samt kor mykje det faktisk er som skjer og som ein må ta hensyn til. Ei livserfaring utan like!
Eg har vore med i Ungdomsrådet sidan 8. klasse, og har verte vald inn for ein ny periode på 2 år, slik at eg har vore 6 år i rådet når den perioden er ferdig. Av dei eitt år som leiar, og nyvald for eitt år til: )
Eg byrja med politikken i 08, når eg vart med i Arbeidarpartiet og engasjerte meg der. Rett etter nyttår vart eg med i AUF (Arbeidernes Ungdomsfylking), og der gjekk engasjementet gjennom taket! Takka være enorm støtte og tillit frå AUF i fylket, er eg no styremedlem samt fylkessekretær for AUF i Sogn og Fjordane: ) Mitt store interessefelt, der eg ynskjer å jobbe så mykje som mogleg for at andre skal få det bra!
No til dags går tida mykje til skule, service og samferdsle VG1 på Hafstad VGS i Førde, samt mykje tid på politisk arbeid. Dessutan går det ganske så godt med tid i Naustdal sentrum saman med venar. Sånn i gjennomsnitt annankvar helg går til eit eller anna arrangement i forhold til AUF, og kveldane går fort vekk til både det eine og det andre som fylkessekretær.
Dessutan likar eg særs godt å sjå på diverse seriar, der favoritten for augneblinken er Heroes, og Kyle XY. Det blir også sett ein del filmar. For ikkje å nevne, så er eg berre ein vanleg ungdom som også likar å reise på fest og kose meg, (stadig singel tho) så eg er ikkje heilt borte enno: )
Eg elskar science fiction i alle fall, alt overnaturleg og slikt er så utruleg spanande å sjå på. Samstundes er eg langt i frå noko religiøs person, det er godt mogleg at det fins litt av kvart spesielle ting der ute, men noko gudar trur eg ikkje på. Er ateist og meldt ut av statskyrkja, så eg stil meg på eit nøytralt synspunkt når det gjeld alle religionar.
Dessutan, viss det verkeleg skulle være interessant for nokon, så er eg det mest kresne mennesket på jord når det gjeld mat.
Feel free til å spørje om kva som helst, eg svarar med glede:D