Søkjer bustad

Verdens beste naturfotografar

Festsalen i Førdehuset
Fredag 5.mars kl 19

Fotografane Anders Geidemark og Terje Hellesø syner bilete frå blant anna Island og Norge. Lysbildeshow og kåseri med musikalsk følge.

FOTOKURS

Fotokurs

Fotokurs i Førde v/ Alf Helgheim & Co As, Skei

Vi har samarbeid med og får besøk av Fotograf og Designer Bent van Vuuren som tilbyr flere spennende kurs for oss helgen 6 og 7 Februar

Førde - Tambar

I morgon, laurdag 5.desember, skal 1.divisjonsjentene spele kamp mot Førde att. Det er duka for lokaloppgjer for andre gong denne sesongen! Sist gong laga møttast vann Førde 3-1. Tambar er revansjelystne, og treng absolutt hjelp i frå PUBLIKUM! Då Tambar møtte Førdep på bortebane i fjor, var bortepublikumet større og kraftigare enn heimepublikumet. Vi satsar på reprise denne gongen! Staden er Førdehuset og klokkeslettet er 15.00!!

Spre ordet til alle kjende. Jentene ser fram til å sjå DEG på kamp :)

Naustdalkalenderen 2010 er klar!

Naustdal skulemusikk er klar med Naustdalkalenderen for 2010. Mange vart skuffa i fjor då vi ikkje fekk gitt ut kalender, men her er den altså tilbake. Som alltid er det mange fine bilde frå ulike delar av kommunen, og vi takkar alle lokale fotografar som har bidrege med bilder. Vi er stolte over resultatet, seier leiar Ludvik Slettehaug.
Les meir…

Naustedølingen Oddvar Torsheim sine kvinnebilete på miniutstilling

Torsheimutstilling på Quality Hotel Førde

Oddvar Torsheim arrangerer ei eksklusiv utstilling av
mange av dei okkulte kvinnereferansane sine. Dette gjer han
i høve Krimfest Sunnfjord som har hekser som tema i år.

Krimfest Sunnfjord

Krimfest Sunnfjord har Trodalshistoria som botn.
Krimfest Sunnfjord startar torsdag 24. kl 20.00 på Quality Hotell Førde – årets tema er hekser. der kan de møte forfattarane Tom Egeland og islandske Yrsa Sigrudardottir. På Island var det i middelalderen fleire menn enn kvinner som vart brende på bålet som hekser!!
Sigrid Terese Moldestad held konsert med fokus på dei sterke spelkvinnene og vil også gi oss smakebitar av den nye CD sin.

Skuleborna i Angedalen er så heldige å få møte vaskekte forfattarar under Bokbakkeløpa sine. I år er det Tom Egeland som vitjar skulen. Løpet skal gå til Ruglesteinen og vi må krysse fingrane for veret!!!

SAKNA FISKEUTSTYR

Har du funne fiskeutstyret mitt?

I tida lørdag kl 20.30 til mandag kl 14.00 forsvann fiskeutstyret mitt frå fiskehytta på vestsida av Fletehølen i Naustdal.

Gatebilfestival 2009

Bilar på rekke og rad

Hei godtfolk! Gatebilfestivalen er i gang og opplegget er heilt topp. Her får du sjå og oppleve mykje, samt muligheten for å storkose seg er absolutt til stades. Lenge har vi ønskt at eit slikt tilbud skal være tilgjengeleg for oss her i Sunnfjord og no er sjangsen der for å vise at vi vil og kan. Kven veit, kanskje klarar dei å stable arrangementet på beina neste år og.

Møt opp, alle som ein!

Sommarfest i Årøyane

Laurdag 20. juni, blir det utekonsert og dans i Naustdal. I år er det blues/rock and roll-bandet ORBO & The Longshots som held konsert i Årøyane. ORBO & The Longshots vann spellemannsprisen i 2009, i klassen blues, for albumet ”High Roller”. Bergensbandet blei danna i 2000. Dei har gitt ut fire album og dei var dei første nordmenn som nokosinne har spelt inn musikk i verdens mest berømte studio; ”Sun Studio” i Memphis. Og denne laurdagskvelden kjem dei altså til Naustdal. Vi har i tillegg fått Førdegruppa Impedansebande til å varme oss opp. Desse spelar råkk på ekte sunnfjorddialekt og er eit intenst liveband. Det vert sal av grillmat og drikke. Grunna skjenkeløyve er aldersgrensa 18 år. Mellom granskog og grøne enger, set vi opp oppvarma festtelt med sitteplassar og lagar dansegolv under open himmel. Om regnet skulle dryppe innom, lagar vi tak over dansegolvet også. Tidlegare år har fleire enn 300 festglade vore med oss på sommarkonserten. Vi ynskjer velkommen til Naustdal – til fest og moro!

Blægja 140609

Oppdatert mot Naustdal 14/6

Sjekk her for bilder frå Blægja i dag.

Du finn òg ein videosnutt.

Kulturhistorisk vandring til Trodalen

Engebøfjellet - Framlegg til reguleringsplan for utvinning av rutil

Havforsker Jan Helge Fosså ved Havforskningsinstituttet er sterkt kritisk til Engebø-prosjektet. — Foto:Øistein Monsen

Nordic Mining sitt framlegg til reguleringsplan for utvinning av rutil i Engebøfjellet vert lagt fram til første gangs handsaming i Utval for Plansaker sitt møte torsdag 4. juni.

Naustdal kommune

Gratulerer med dagen Solveig:))

Gratis Origo-kurs

Bildedeling i Naustdal-sona

Ser at de er nokså flink å dele bilder med medlemmer i sona, og det er flott. Hald fram med det!
Men kan vi prøve å halde oss til bilder frå Naustdal?

Det er også fint om de set bilda på kartet, på den måten kan bildedelinga være eit lite “leksikon” der både naustedøler og andre kan få lære om småplassar dei aldri har vore på.

Blårøyk og svidd gummi

Burn baby, burn — Arild Reiakvam spelar seg sjølv

I kveld kl. 2300 er det generalprøve på det mykje omtalte teaterstykket. Siste øving var i går og vi som bur i sentrum fekk med oss både fart, blårøyk, musikk og action.

Burn baby, burn!

Takk for opprydding natt til 1. mai

Eg må verkeleg seie eg er imponert over dei vaksne og ansvarlege personane som gjekk rundt på Sanden natt til 1. og rydda opp etter oss som hadde fest der. Eg såg ikkje noko som helst spor etter fest når eg kom ned til Naustdal fredag ettermiddag, og eg rettar all takk til dei som brukte kvelden og natta si på å rydde opp slik at Sanden framleis ser fantastisk ut!:D

Gatebilfestival 2009

17. mai utan musikk- korps i Naustdal?!

DSC 17mai06-2

Tekst: Ola Kringlen

Er det muleg??
Jau, dette blir situasjonen i Naustdal i år! Eg har nett kome frå styremøte i Skulemusikken, og vi må trist konstantere at det ikkje blir korpsmusikk i barnetoget i år. 17. mai nemda har fått beskjed, og dei jubla ikkje!

Vandring langs dei gamle driftevegane i kulturminneåret

Vil de i Naustdal vere med å markere eit 170-års minne?

I århundrer tilbake var der eit nettverk av ferdselsårer i fjella. Stiane gjekk etter prinsippet – enklast/tryggast/raskast veg til og frå. Desse stiane er av dei eldste kulturminna vi har i lag med varde/vetehistoria. Kven var det som for? Dei korte avstandane : – alle og det vert spøkefullt sagt at målet var dei tre k-ane ; Kjøt, kyrkje og kjærleik, – dei lange avstandane var det sendebod av ulike slag og handelsreisande som for – og kansje ein og annan eventyrar, oppdagelsesreisande – fredlause for den del.
I år er det 170 år sidan fehandlaren frå Aurland – Ole Olsen Otternes var på reise i Sunnfjord – si siste reise. På Trodalsstranda enda det brått….

Vårtur til Holmesetstølen

Turgjengen og vertskapet

Vi var ein gjeng på 4 som gjekk frå Kringla til Holmesetstølen idag. Det er fint å gå i marka no i finveret, og det det grønkast både i skogen og på marka. Turen frå Kringla tek ca 1 time, og det er fin sti å gå på. Denne stien er frå gammalt kalla “Kringlevegen”. Når ein nærmar seg stølen, kjem ein inn på skogsvegen som kjem opp frå Liabøen. På stølen var det mange turgåarar idag, 16 personar i alt. Nokre hadde gått frå Arekletten, og andre frå Liabøen. Vi fekk ein lang og god prat med vertskapet Jon og Jorunn Holmeset som har bygd opp ein fin støl på dei gamle tuftene. Det gamle selet har dei teke vare på, det er idag ein del av nyeselet. Her var Maria Holmeset, mor til Jon, i mange å som budeie. Siste åra “lånte” ho kyr frå ein gard i Førde som ho kunne mjølke og stelle for på stølen. Her var ho heilt fram på 90 talet, og det er mang ein turgåar som fekk smake “rømmasken” hennar Maria.

Rørstadbotnen - eit namn å merke seg

16.04.2009 — Sindre til EM

Tekst og foto: Solveig Fredriksen

Intro
Det er ikkje mange tilstades i vektløftarrommet i Naustdalshallen denne torsdagen, som kan ha samanheng med at ein stor del av karane trenar i Førde eller tek treningsfri. Sindre er i full gang med økta si og let seg ikkje forstyrre av at det kjem folk.

Naustdal

Følges av 116 medlemmer.

Naustdal kommune strekker seg frå Horne på grensa mot Flora kommune og havgapet i vest, og til fjellområda på nesten 1400 meter over havet på grensene mot Gloppen kommune og Jølster kommune i aust. Kommunen kan geografisk delast i tre: Fjorden, sentrum og dalen.
Areal: 357,5 km2
Innbyggjartal pr. 1.1.2009: 2 655

Noko du lurer på? Ta kontakt med sonevert: Solveig Fredriksen tlf 97091094 e-post: solfred@gmail.com Meir om sona

Origo Naustdal er en sone på Origo. Les mer
Annonse